Samtale - Når kulturlandskapet forsvinn
Biolog Anna Blix og forskar Ellen Svalheim. Kulturlandskap og samspel mellom dyr, folk og landskap.
Gratis - ingen påmelding
Kulturlandskapet vårt har blitt til gjennom nærværet av folk gjennom fleire tusen år. Skal dette landskapet takast vare på, er vi avhengige av at bruken held fram. Sjå for deg eit Noreg der dyra ikkje lenger beiter i utmarka fordi det er billegare å importere fôr. Landskapet vil gro att, og einsarta kratt vil overta der det ein gong var artsrike beiter. Sjå for deg eit attgrodd land der hytta på fjellet ikkje lenger har utsikt fordi bjørka veks opp til takmønet. Kanskje har vi nådd dette punktet? Kva gjer vi for å sikre at det kulturavhengige artsmangfaldet ikkje går tapt i ei tid der effektivisering og mekanisering står øvst på agendaen?
Anna Blix er biolog, og skriv om samspelet mellom menneske og natur, om evolusjon og om klimaendringar, naturtap og miljøpolitikk. Ho er ein solid formidlar og skribent med fast spalte i Klassekampen. Ho har mellom anna skrive boka En hyllest til sauen. Fortellinga om det lille dyret som bygde landet.
Ellen Svalheim er forskar ved divisjon for matproduksjon og samfunn ved NIBIO. I fleire tiår har ho vandra i den sårbare, kulturavhengige naturen i Noreg saman med dei som kjenner landskapet aller best – beitedyra. I 2018 gav ho ut boka Folka og landskapet. Svalheim står bak «Arvesølvmodellen», ein forvaltingsmodell som tek sikte på å bevare og sikre artsmangfaldet i kulturavhengige landskap for framtidige generasjonar.
Arrangementet er del av museumsprogrammet Eit skigardsdele – frå stølskultur til hytteindustri. Informasjon om arrangementet på sidene til Gudbrandsdalsmusea.
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea – i samarbeid med Sel kommune.
Relatert litteratur
Norske blomsterenger
Ingvild Austad
40 uker
Anna Blix
Naturverdier i nasjonalt verdifulle kulturlandskap
Geir Gaarder
Trær i kulturlandskapet
Lars Helge Frivold