Roman • Voksne
Det tørre hjertet
1947
Lån boka
Anbefaling fra et annet bibliotek
Liker du bøker som byrjer med eit pang? For det gjer denne boka, bokstaveleg talt!
Allereie på første side får vi vite at hovudpersonen skyt mannen sin, midt mellom augene, medan dei er heime på kontoret hans.
Natalia Ginzburg blir samanlikna med Elena Ferrante, og både språket og bakgrunnsramma minner meg om Ferrante sine bøker. Historia føregår i Italia i andre halvdel av 1900-tallet, og språket er korthogd, direkte, nøkternt og usentimentalt.
Det sentrale i boka er beskrivinga av hovudpersonen sine tankar og kjensler, og av forhaldet mellom dette ekteparet. Kvifor er hjarta hennar tørt? Kvifor ender ho opp med å skyte mannen sin?
Boka passar godt for deg som liker godt språk og komplekse karakterar, den er kort i sidetall men likevel veldig innhaldsrik.
Då eg var ferdig å lese, fekk eg lyst til å snu den og lese om igjen med ein gong!
Hå folkebibliotek