Dei penaste jentene på tv

Dikt  •  13 – 15 år

Dei penaste jentene på tv : dikt og tekster for unge

Finn Øglænd

2000

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

I korte og treffande dikt og tekstar møter vi eit diktareg sine tankar om jenter, forelsking og det å mangle "draget". Tekstane tek gjerne utgangspunkt i ein dagdraum. Så prøver eget å plassere seg sjølv inn i han på eitt eller anna vis. Eller så er det minne frå yngre år som vert tekne opp til ettertanke. Tekstane har gjerne eit lite, overraskande poeng og ein snev av ironi eller av melankoli på slutten. Optimisme vekslar med pessimisme. Til saman gjev dikta eit samansett bilete av ein gut som undrar seg over kjærleikslivet og livet elles. Det er mange mysterium, og dei heng ofte saman med om ein finn sin plass her i livet. Dette er tankar som dei fleste har, men som dei trur ingen andre har. Motiva i dikta knytter seg til noko konkret, nemleg Stavangerområdet. Dette, saman med handlingsprega fantasiar, gjer at dikta ikkje stiller svære krav til abstraksjonsevna til lesaren, men underfundige poeng ligg på lur her og der. Dikta styrer klar av klisjear og diktareget gjev eit bittersøtt perspektiv på kva ein kan vente seg av livet og av jentene. Samlaget, 2000. 71 s.

Utgaver