Lån boka
Anbefaling fra et annet bibliotek
Kven er Tara utan røtene sine?
Tara Westover skriv urovekkjande, fengslande og tilbakeskuande om oppveksten sin med fem eldre brør og ei storesyster. Foreldra er mormonarar. Faren er svært dominerande og bipolar. Mora føyer seg stadig etter han. Tara får ikkje lov å gå på skule før ho er 17 år. Vitebegjæret aukar og Tara gjer det godt. Det vert eit enormt skilje mellom livet ho lever som student og jenta ho framleis er når ho kjem heim på besøk. Ho slit med sjølvbiletet sitt. I følgje faren er alle hokjønn med kortare skjørt enn ankellengd skjøger. Den nest eldste broren har også adoptert dette kvinnesynet. Han er svært lunefull og vert fort bråsint. Sinnet kjem ut som fysisk vald mot Tara og andre kvinner. Er det mogleg å ta eit oppgjer med psykisk og fysisk vald i familien og framleis ha ein plass i familien?
Hå folkebibliotek