I Prate døl ga dei to forfattarane eit bilete på kva ein ekte norddøl er. Dei held seg stadig på bygda, men denne gongen handlar det om skikk og bruk. Kor legg du potetskrellet under søndagsmiddagen? Korleis får ein gjestane til å gå? Kva gjer du når du treff naboen i Syden? Desse og andre eksistensielle kunnskapar kan ein lese om i Fålkeskikk. Den er særleg retta mot dei som er glad i Amazon og som synest skikk og bruk er noko dei driv med i byen.