Lån boka
Om boka
Fjordhesten er ein norsk hest, truleg nedstamma frå villhesten i istida og seinare reinala i pakt med norsk natur. Det er den eldste tamhestrasen i verda. Han har i periodar vore framstilt som eit nasjonalsymbol: seig, stødig, nøysam og arbeidsglad, med særleg evne til å meistre harde livsvilkår. Dette er, i følge forlaget, den første boka som gir eit fullstendig portrett av dette særnorske dyret: opphavet og historia, særpreget, korleis han har vore brukt opp gjennom historia. Ikkje minst møter vi fjordhesten i dag, på ridesentret, i skyssteneste, i gardsdrifta, på terapisentret og på hingsteutstilling. Her er og reidegalne ungdommar, økologiske bønder, hestehandlarar og hingstealarar - og masse flott natur. Boka er gjennomillustrert med fotografi i både farger og svart/kvitt. Nyn.