Boka tek for seg grendene, fjorden og fjella, og trekkjer fram kulturhistorie, hendingar og historier knytt til dei ulike stadane langs Hjørundfjorden på Sunnmøre. Forfattaren skriv om dei dramatiske rasulykkene i fortid og notid, myteomspunnen mellomalderhistorie, kongelege turistbesøk, Sunnmørsalpane i all sin velde og tradisjonsrik turisthistorie. Boka er rikt illustrert i fargar. Har litteraturliste.