Tegneserie  •  11 – 15 år

Ivar Aasen : ei historie om kjærleik

Erna Osland

1996

Illustratør:
Arild Midthun

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Undertittel: ei historie om kjærleik. Dette er ei uvanleg fagbok både i formog innhald. Osland presenterer ein ung og gåverik bondegut som har store visjonar om å skrive ned det norske talemålet. Ubemidla som han var, kunne han ikkje gjere det utan å betale personlege omkostningar. Han kunne ikkje gifte seg med Berte, ikkje Susanne heller, det blei forskinga han vigde seg til. Kan hende diktar Osland litt for mykje om kvinnehistoriene, det blei sladra om han i samtida og - men i alle høve er framstillinga slik at Aasen kjem oss nærare. Midthun sin teikneserie gjer også mykje til det. Omslaget igyllenbrun fotocollage skapar ei positiv aning om at inni mellom permane ventar ei uvanleg biletforteljing. I stramt brunt, kvitt og svart og leikande variasjon i biletrutene vert vi kjende med hovuddraga i historia hans. Bak i boka er ei kronologisk oversikt over viktige hendingar i livet hans, og liste over faglitteratur for dei som vil lese meir. Samlaget, 1996.63 s.,ill. [Ill.]: Arild Midthun

Utgaver

Kontakt

Sel kommune
Ansvarlig redaktør: May Britt Josten
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content