"Olvar var venen min. Han var omtrent den einaste venen eg hadde. For det var ikkje så mange andre ungar akkurat der. Han var to år eldre enn eg. Han hadde begynt på skulen, eg hadde ikkje begynt på skulen enno. Vi var like gode vener for det." Dette er ei forteljing fra den gongen det var krig i Noreg. Dette er barnas oppleving av korleis det er å leve med lite mat, og redsle for soldatar og for bombefly. Dei opplever også "det fæle i krigen". Onkelen til Olvar døyr ute på havet. Men dei to venane skal kome til å oppleve ei enda større tragedie. Oskar Stein Bjørlykke har skrive ei mengd bøker for både barn og vaksne, innanfor fleire sjangre; dikt, forteljingar og romanar.