Mittlandet er tredje bok i krimserien der Hanna Dunker har vendt attende til Öland, nå som politi. Boka byrjar, som så mange krimbøker, med eit likfunn, og Kalmarpoltiet må snu på gamle steinar sidan liket har lege lenge i ein skog. Samstundes med opprullinga av saka skjer det framleis dramatiske ting i Hanna sitt liv som heng samn med mordbrannen faren hennar blei dømt for.
Saka i Mittlandet blir oppklart, men i Hanna sitt liv er det meir spenning enn det som godt er. Bok nummer fire, Darrgräset, kom på svensk i sommar. Nå ventar me på den norske omsetjinga!