Passe hard, passe mjuk

Roman  •  13 – 15 år

Passe hard, passe mjuk

Finn Øglænd

1999

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Han, 15 år, vaknar og veit at han berre har eit val, det einaste rette, og i dag skal det skje. I draumen har han sett korleis han skal gjere kur til Elise, men det er berre det at han er ukul og til og med den mest ufikse mellom dei ufikse: Ikkje er barten, skjegget og sleiken kul, ikkje bannar han, ikkje har han med pornoblad på skulen og ikkje drikk han heimebrent i smug. Nei, han er nerden som ikkje tek att om han blir mobba. Men kanksje ein nerd og er spennande for på klasseturen skjer det store. Elise er ikkje interessert, men då slår den populære Marion seg i lag med han av ein eller annan grunn, og dagen blir ganske spesiell for dei begge. Vart og med innsikt fortel forfattaren om korleis to unge i møtet sitt åpnar for nye sider hjå kvarandre og korleis ei forelsking brått og uventa kan oppstå. Dette er endå ei bok om å få litt tru på seg sjølv og å bli litt meir vaksen. I ei særeigen historie, i ei personleg språkdrakt - knapt, konsist og uttrykksfullt - får ein her ei leseoppleving utan om det vanlege. Samlaget, 1999. 104 s. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).

Utgaver