Voksne

Rosemåling i Valdres

Nils Ellingsgard

1989

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Rosemaling - Valdres
Valdres eig sitt naturlege rom i historia om norsk rosemåling. Rosene grodde villig over heile distriktet, og Valdresbygdene fostra mange flinke utøvarar. Dei arbeidde i ein særeigen, lokal målarstil som skil seg ut frå tradisjonen i andre dalføre med sine sterke særdrag både i motivstoff og utforming. Som alle andre rosemålardistrikt hadde dei si rikaste blomstring frå 1790-åra til om lag 1850. Denne boka gjev eit samlande oversyn over Valdresmålinga i denne klassiske perioden, bakgrunnen, opphavet og den lokale stilutviklinga. Her finst dei alle, både kjende og ukjende målarar som i ettertid har danna skule for den tradisjonelle rosemålinga i Valdres. Boka er rikt illustrert med fotografi, det meste i fargar. Har engelsk sammendrag og litteraturliste.

Utgaver