Lån boka
Om boka
"Seterliv" er ei geografisk og tidsmessig reise gjennom det norske seterlandskapet. Forfattarane presenterer seter- og stølsliv frå ulike deler av landet, og pendlar mellom fortid og notid, romantikk og realisme, tru og overtru. Ved å presentere seterliv og verdiar knytte til norsk seterbruk frå 1700-talet og fram til i dag formidlar forfattarane ein viktig del av norsk kulturhistorie. Lesaren får eit innblikk i kva slags verdi den norske setra har hatt opp gjennom tidene, for bonden så vel som for turisten og kunstnaren. Samstundes er dette ei forteljing om setra i dag ? om ei fascinerande og framleis høgst levande livsform. Boka er rikt illustrert med foto frå nokre av landets fremste naturfotografar.