Det har nok gått folk i fjellet i Sjodalen og ved Gjende, i Leirdalen og Visdalen og elles i dalane og i høene i fjellområdet som nå er kalla Jotunheimen, så lenge det har budd folk i Vågå og Lom. Fiskaren har gått langs elv og vatn, jegeren har gått etter reinen og rypa i høgfjellet, og bonden har gått med feet sitt for å finne det rike beitet i fjellet. Bygdefolket kjente fjellet sitt godt. Det var ein viktig del av næringsgrunnlaget i det gamle samfunnet. På 1800- tallet fann ein og annan vandrar vegen hit, somme kom svært så langvegs frå - og dei fortalde i skrift og bilete kva dei hadde sett og opplevd på turane i Sjodalen og området rundt Gjende. Seinare har fotturistane og hyttefolket gjort den vakre dalen til sin. I denne boka blir Sjodalen presentert frå alders tid og fram til våre dagar. Boka er rikt illustrert med fotografi, dei fleste i fargar.