Den 11 år gamle Dina er dotter til Skammaren og har arva same gåva som mora har. Når ho ser nokon i auga, er dei tvinga til å fortelje heile sanninga. Blikket gir makt, men det er også ei farleg gåve. Forbrytarar fryktar ho, og mange ønskjer å utnytte ho. Når Skammaren blir kalla til Dunark-borga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina komme mora til unnsetning. Men Dina ønskjer ikkje å spele helt, eigentleg vil ho vere heilt vanleg, men det går ikkje når ein er Skammarens dotter og har fått auge som ingen vanlege menneske tør å sjå inn i. Fantasy for mellomtrinnet.