Skammerkrigen

Roman  •  Fantasy  •  9 – 12 år

Skammarkrigen

Lene Kaaberbøl

2004

Originaltittel:Skammerkrigen
Oversatt av:
Øystein Rosse
Del 4 av Skammar-serien

Lån boka

Om boka

Skammardottera Dina og storebroren Davin er tilbake i byen Dunark, der alt begynte. Den vonde fyrst Drakan, som ein gong prøvde å kaste sjølve Skammaren til drakane, har tilrana seg makta her. Drakan er det einaste totalt skamlause mennesket Dina har møtt, og mange skremmande ugjerningar blir utførte i hans namn. Eit opprør mot Drakan må kome, og den som peikar seg ut til opprørsleiar er hans eigen halvbror Nico, Dinas venn. Han er den rettmessige arvingen til Dunark. Men Davin og Dina vil ikkje la Nico kaste seg ut i ein så farefull strid utan hjelp, og slik startar Skammarkrigen, det siste dødsens farlege oppgjeret med Drakan og drakehæren hans. Fantasy for mellomtrinnet.

Utgaver