Det er spenning frå første side i denn svenske krim-romanen. Lærarinna Agnes forsvinn sporlaust ein kveld ho berre skulle gå seg ein tur langs stranda. Familien hennar, politiet og mange andre leitar nesten døgnet rundt. Kva har skjedd? Rykta sprer seg fort i småbyen, og vi får høyre mange ulike personar si historie, ispedd dramatikk og uventa hendingar.
Dette er første bok i ein serie, med dei sympatiske hovudpersonane, etterforskaren Maria Martinsson og brukthandlaren August Strindberg. Bok nr fire i serien har nettopp kome ut, med tittelen Kristuskransen.