Dette er ei kjekk feel-good-bok med ei litt kreativ og spesiell historie. Bakgrunnsramma er landsbygda i nåtidig USA, og me blir kjent med ein ung, kvinneleg fugleforskar. Ein dag dukker det opp ei lita jente som påstår at ho er frå verdsrommet, og som det viser seg har heilt spesielle evner. Etter kvart blir den litt sære naboen til hovudpersonen, eggselgar-mannen, også involvert i mysteriet med denne jenta.
Tempoet i boka er middels, og blir drive av vår nysgjerrighet på kven denne jenta er, men også av korleis det går med hovudpersonen sitt privatliv og kjærleiksliv.
Ei søt historie som skiljer seg ut på ein positiv måte! Kos deg!